Kurs

Lightroomkurs i Longyearbyen

Article text
På facebooksida si skriv Longyerabyen fotoklubb om kursa. "Lørdagen blir satt av for de som er helt ukjente med Lightroom mens søndagen blir for de som har litt kjennskap til programmet fra før." Det blir altså eit grunnleggande kurs for dei som er ukjente med Lightroom og eit for dei som kjenner programmet betre. Klubben har sendt ut epost til medlemmene. Kurset har vore etterspurt.

Sist vinter var eg i Moi heilt sør i Rogaland, så dette blir den andre enden av landet. Det blir veldig spennande å komme til Longyearbyen, og treffe fotovenner, gjennomføre desse kursa og oppleve stemninga og lyset der nord.Tida er like før fullmåne, og kanskje skjer det noko på himmelkvelvingen - kanskje ser vi noko anna spennande. Kanskje gir dette meirsmak for både fotoklubben og meg.

Bildet er lånt frå facebooksida til klubben. Klikk her for å komme til Facebooksida deira