Kurs

Kurs i Lightroom 6/CC i Skodje

Article text
Tema under kurset
  • Komme i gang med Lightroom - bli kjent med skjermbildet
  • Slik fungerer Lightroom, prinsipp og godt å vete - unngå tabbar
  • Innstillingar, slik du vil ha det
  • Import av bilde, bilde frå kamera, minnekort og eigen disk
  • Organisering av bilde, korleis gjere det enkelt å finne att bilde
  • Filtrering av bilde, du trur det ikkje før du får sjå det
  • Grunnleggande justeringar, korleis forbetre bilda
  • Eksport, kvifor og korleis - dei beste innstillingane
  • Lysbildeframvising, kort innføring
  • Utskrift, gjennomgang av alternativa og fargestyring for perfekte utskrifter
  • Webgalleri
  • Det blir lagt vekt på arbeidsflyt i organisering og justering med øvingar i konkrete eksempel

Praktisk
Du må ha med eiga datamaskin, der du har lasta ned og installert Lightroom, men helst uten å ha importert bilde. Under kurset vil du nemleg lære knep om import og organisering, som du vil ha stor nytte av seinare. Dersom du ikkje har eigen datamaskin, kan du leige av meg. Tenk ikkje på bilde, for det tek eg med. Du får låne ein minnepinne med øvingsbilde.

Last ned brosjyre om kurset Kurs i Lightroom 6/CC. Der står alle opplysningar.
Prøveversjon av Lightroom kan du laste ned frå www.adobe.com/lightroom. Det er Lightroom CC som kan prøvast.
Det må vere minst 3 påmelde for at kurset skal bli gjennomført.

Meld deg på kurset Påmeldingsskjema