Om meg

Det var ein tidleg desemberdag i 1952 eg kom til verda. Eg kom til å vekse opp i ei fiskarbondefamilie i Hoddevik, lengst vest på Stadlandet i Nordfjord. Havet var vår næraste nabo, stille som eit vatn nokre dagar, men eit frådande inferno andre dagar - no for tida eit eldorado for surfarar frå heile verda.

Oppveksten var ei tid rik på alle slags erfaringar, inne som ute, på land og sjø, i arbeid og leik. Arbeid lærte vi tidleg, og det har vore til enorm nytte seinare. Erfaring i alt slags gardsarbeid, fiske, snekring, osv, osv har gjort at ingen praktiske oppgåver er for vanskelige. Forholda i Hoddevika var ideelle for utforskande, nysskjerrige og kreative unggutar.

Utdanninga femner om mange felt, landbruk, samfunnsutvikling, EDB, økonomi og marknadsføring. Foto har alltid vore ei viktig interesse, men skaut fart då eg fekk mitt første digitale fotoapparat i 2003. Digital speglrefleks i 2008 ga meg enno større glede av bilda. I 2007 vart eg medlem i Ålesund Kameraklubb, og i 2010 var eg med og skipa Skodje Fotoklubb.

Gjennom arbeidet mitt har eg halde ei lang rekkje kurs. Eg har også skreve fleire brukarhandbøker om dataprogram. Også privat har eg forfatta brukarhandbøker og kursdokumentasjon.

Då eg fekk stadige signal om behov for opplæring i bildebehandling og organisering av bilda på datamaskina, vurderte eg å sjølv halde kurs. Diverre fanst det nesten ingen norsk litteratur om bildebehandlingsprogram, så då var det lett for meg å sette meg ned å skrive om Lightroom. Eg hadde brukt dette programmet frå starten av, og såg at det passa like godt for amatørar som for profesjonelle fotografar. Dessutan støttar programmet det fleste oppgåver som vert utført med bilde. Boka Adobe Photoshop Lightroom 3 – Enkelt forklart var den første i sitt slag på norsk. Du finn du meir informasjon om på denne nettsida.
I oktober 2012 lanserte eg ei kraftig oppdatert utgåve for Lightroom 4. Den tek opp langt fleire tema, og behandlar alle modulane i Lightroom. Teksten er gjennomgått på nytt og bilda er skifta ut. Du finn meir også om denne boka her, og du kan bestille den via kontaktskjema på denne nettsida.
Utstyr eg brukar

Sidan 2008 har eg brukt Nikon, og har i dag dette utstyret:

Nikon D3s kamerahus
AF Fisheye NIKKOR 16 mm f/2,8
AF-S NIKKOR 16-35 mm f/4 VR
AF-S NIKKOR 24-70 mm f/2,8
AF NIKKOR 50 mm f/1,8
AF-S Micro NIKKOR 105 mm f/2,8 MicroNikkor
AF-S NIKKOR 70-200 mm f/2,8 VR II
AF-S Telekonverter TC-20E III 2,0
Belg for makrofoto
Nikon SB-900 blits
Nikon SB-800 blits
Nikon R1C1 blits
Fjernkontroll
Induro carbonstativ m Really right Stuff BH-55 kulehovud
Manfrotto 055XPRO-B trebeins stativ m kulehovud
Manfrotto eittbeins stativ m kulehovud
Spyder IV kalibreringsutstyr
Lastolite reflektor/diffuser

Sjølvkomponert datamaskin
Epson Stylus Phot R3000
Epson V700 skanner