LightroomTips

Adjustment Brush - Forstå Flow og Density

Article text
Flow og Density bestemmer begge kor tjukt du kan male, men på kvar sin måte. Graderinga er 0 – 100 % for begge. Større tal er sterkare markering, eller på malarspråket – tjukkare maling.

Flow
Eg fortset å samanlikne med malarfaget. Med Flow kan du ta lite eller mykje maling på kosten. Lav verdi er lite og høg verdi mykje. Med lav verdi på Flow kan du male i tynne lag, opp att og opp att. Maler du mange nok gonger, så får du til slutt full dekning – 100. På denne måten er Flow eit kjempefint supplement til Feather, som er gradering mot kanten av kosten. Set på lav Flow, og mal fleire gonger. Då får du mjuke og naturlige overgangar.

Density
Density avgrensar Flow. Om du set Density til 50 og Flow til 100, får du uansett ikkje meir enn 50, fordi Density avgrensar. Dersom du malar eit område med 100 på åde Flow og Density, og syns det vart for mykje, er det lett å fikse. Set Density til for eksempel 50, og mal over på nytt. Då blir malelaget redusert til dekning på 50.

Bildet frå Themsen i London har tre loddrette, mørke striper med Adjustment brush i øvste halvdel av bildet, berre for å demonstrere Density. Flow sto på 100, men frå venstre mot høgre er Density 25, 50 og 100. Du ser tydelig at markeringa er tettare på markeringa lengst til høgre nne dei to andre. Dersom du ikkje vart fornøgd med 50, kan du justere Density opp eller ned og male på nytt, for å gje maleområdet ei anna maksimal avgrensing.