LightroomTips

Speilvend og roter som du vil

Article text
Særlig abstrakte bilde er det nyttig å vri og vende på, for å sjå om den eine versjonen fungerer betre enn andre. Også andre typer bilde kan fungere speilvendt enn i original utgave. Før du startar, kan det vere fint å lage nokre virtuelle kopiar, slik at du kan sjå forskjellige versjonar samtidig. Slik gjer du.

Opprett virtuelle kopiar
Høgreklikk (Ctrl+klikk på Mac) på bildet og vel Create Virtual Copy. Gjenta til du har mange nok å jobbe med.

Oppsett i Lightroom
I Library View Options kan du velje å vise knappar for å rotere bildet med. Desse kan visast i Expanded Cells i Grid View. Opne View Options frå menyen View (Cmd+J på Mac, Ctrl+J på PC), og set hake for å vise knappar for rotering av bilde. Du kan også velje å vise piler for rotering av bilde på Toolbar. Klikk på pil lengst til høgre på Toolbar, og klikk på Rotate, dersom der ikkje er hake for Rotate.




Roter bildet
Vel eit bilde ved å klikke på det. Klikk på den pila som peikar i den retninga du vil rotere bildet. Er du i Grid View, kan du bruke pilene som kjem til syne på ramma rundt bildet i det du fører musa over bildet. Dette fungerer med innstillinga Expanded Cells, jf innstillingane ovafor.
Dersom du viser bildet i Loop View, kan du bruke pilene på Toolbar.

Speilvend bildet
Velg eit bilde ved å klikke på det i Grid View. Frå menyen Photo i Library kan du velje Flip Horizontal for å speilvende vannrett. Vil du speilvende loddrett, kan du velje Flip Vertical.

Vis alle versjonane samtidig
I Library kan du vise dei bilda du vil samanlikne i Survey View i Library – uten at andre bilde viser. Merk dei bilda du vil samanlikne, og tast N, eller klikk på den fjerde knappen på Toolbar (den med tre ruter og tre prikkar på).

Du kan omplassere bilda ved å klikke og dra eit bilde til ei ny plassering, og du kan fjerne bilde du ikkje likar frå samanlikna. Klikk på X i hjørnet av bildet for å ta det bort frå samanlikninga. Merk at dette ikkje slettar bildet, berre skjuler det frå Survey View.

Du kan taste G, for å komme tilbake til Grid View etter at samanlikninga er ferdig. Legg då merke til at bilde du har fjerna frå Survey View, ikkje lenger er merka.

Som alltid elles i Lightroom - speilvending og rotering endrar ikkje originalfila, men opprettar berre regelsett i catalogfila, som beskriv korleis bildet skal visast i Lightroom.

Inspirasjonen til dette tipset kom frå Lightroomgruppa på Facebook. Ei spesiell takk til Jaran Gaarder Heggen og til Jørgen Fog, som starta tråden.