LightroomTips

Panel av/på med eitt klikk

I Lightroom kan du sjå korleis bildet tok seg ut før du redigerte det, og samanlikne med det ferdige bildet. Knappen Before|After i underkant av bildet i Develop viser bildet før og etter. Funksjonen kjem av at Lightroom ikkje endrar originalfila, og derfor kan vise begge versjonar. I tillegg kan du vise effekten av redigeringar du har gjort panel for panel. Du kan rett og slett slå av og på kvart enkelt panel for seg, unntatt Basic-panelet. Les meir...

Vis fleire hjelpelinjer og sideforhold i Crop Overlay

Med verktøyet Crop Overlay kan vi rette opp og klippe i bilda våre etter behov, men vent litt. Visste du at verktøyet har masse innstillingar som kan vere til hjelp i både komposisjon val av sideforhold? Sjå berre. Les meir...

Føl med diskforbruket

Lightroom har ganske mange mulegheiter for tilpassing av skjermbildet. Ei av desse er imformasjon i Folderspanelet i Library. Her viser eg korleis du kan velje om du vil sjå talet på bilde, diskforbruk eller status for disken eller diskane i Folders og korleis du kan sjå plassen ein ny import krev. Les meir...

Skal, skal ikkje formatere - slette - kvifor?

Der er to framgangsmåtar for å slette data frå minnekortet. Den eine er meir effektiv og grundigare enn den andre. Eg vil prøve å forklare forskjellen. Les meir...

Ikkje ødelegg minnekortet ditt

Frå tid til anna les eg om problem med minnekort. Her er eit par små tips som kan spare deg for negative opplevingar med minnekortet. Les meir...

Vis berre virtuelle kopiar, video eller originalar

I Library er der mange slags filter, som gir store mulegheiter til å innsnevre kva bilde du vil vise i Library. I dette tipset viser eg korleis du enkelt kan vise fram berre videoklippa, berre dei virtuelle kopiane eller berre originalane. Sjå berre. Les meir...

Organisering av bildelageret - hæææ!?

Går det an å sette opp Lightroom slik at bildelageret automatisk blir organisert slik du ønskjer det? Ja, og nei – der er ganske mange alternativ, så kanskje der er eit som passar deg, slik at import blir litt enklare i framtida. Nytt år er kanskje tid for å sjekke mulegheitene Lightroom tilbyr på dette feltet. Les meir...

Skaler bilde for innlevering til NSFF

Bilde som skal leverast til konkurranse i NSFF eller andre plassar, må ha riktig kvalitet og riktig storleik. Med Lightroom er det ganske enkelt å innfri dei krava som gjeld den enkelte konkurranse eller innlevering. Ver nøye med å sjekke at du får med alle krava. Så kan du bruke dette tipset til å hjelpe deg med å innfri krava. Les meir...

Rediger bilde på reise

XMP eller ikkje XMP, Smart Preview eller Export as Catalog/Import from another Catalog? Nokon kvar av oss har rett som det er behov for å ha med bilde ut av huset, uten å ha med heile bildesamlinga. Formålet kan vere å vise fram bilda, men mange gonger er det også behov for å redigere bilda. Det skaper utfordringar, som kan løysast på forskjellig måte. Les meir...

Juster og vis filmstripe og sidepanel

I Lightroom er der i alt sju modular, og i alle modular er der panel på begge sider av skjermen (sidepanel) og øvst og nedst (modulveljar og filmstripe). Alle desse kan visast og skjulast uavhengig av kvarandre, men breidda på dei kan også justerast. Her viser eg korleis du kan justere filmstripa. Les meir...