Lightroom 3

BOKA - I KORTE TREKK

Dersom du ønskjer å bruke meir tid med kameraet og mindre tid framfor datamaskina, så er dette absolutt boka for deg.

Slutt å leite etter bilde du ikkje finn. Ta heller i bruk Lightroom, og lær å organisere bilda dine, slik at du kan finne dei att på ein enkel måte når du treng dei. Lær også kor enkelt det er å justere og redigere bilda, osv. Du kjem fort i gang med å bruke programmet ved hjelp av denne boka. Les gjeren omtaler og tilbakemeldingar i gjesteboka.

Boka tek føre seg alle modular i Lightroom, og er inndelt i 11 kapittel. Alle oppgåver er rikt illustrert, og viktige verktøy utheva i illustrasjonane.

Kort fortalt inneheld kapitla trinnvise og detaljerte forklaringar om framgangsmåten for kvar enkelt oppgave som skal utførast:
* Førebuingar og korleis komme igang
* Bli kjent med programmet
* Import av bilde
* Organisering og utvelging
* Tilpassing av programmet
* Redigering av bilda
* Eksport av bilde
* Lysbildeframvising
* Utskrift
* Webgalleri

ISBN 978-82-992386-4-9

Her kan du laste ned to dokument, komplett innholdsliste og utdrag frå eit kapittel i boka, så ser du kva som er beskrive og korleis beskrivingane er lagt opp.

Last ned innholdsliste her
Last ned Eksempel frå eit kapittel her

NB! --- NB! --- NB! --- Viktig informasjon.
Papirutgåva er dessverre utseld per 12.04.2012.

Skulle det vere interesse for ei større levering av den gamle, så kan det gjerast eit nytt opptrykk.

Ny utgåve for versjon 4 av Lightroom er under arbeid. I mellomtida kan PDF av den første utgåva leverast.

Pris for PDF: Kroner 200.


Boka kostar kroner 400 per stk + kroner 39 i porto, sum kroner 439. Posten reduserte portoen frå 01.02.12.
Du kan betale 439 kroner til

kontonr 40050520937,

og sende ei melding via kontaktskjemaet eller ein epost til arnold@mimer.no.

Husk å oppgje postadresse. Då vil boka bli send innan eit par dagar.

Du kan også få boka i oppkrav, men det kostar kroner 71 ekstra.

ISBN 978-82-992386-4-9

KVANTUMSRABATT:
  5 bøker, kroner 400 per bok, fraktfri levering, effektiv pris kroner 374
10 bøker, kroner 370 per bok, fraktfri levering, effektiv pris kroner 354
20 bøker, kroner 350 per bok, fraktfri levering, effektiv pris kroner 333
40 bøker, kroner 325 per bok, fraktfri levering, effektiv pris kroner 320

Prisane byggjer på effektiv utnytting av Posten sine Smartpostøskjer. Det er også muleg å sende eigenemballert pakke. Ta gjerne kontakt, så finn vi ut av det.