Aktuelt

Lightroom 5 er her

10.06.13

Adobe har lansert Lightroom 5, og her er nokre av dei viktigaste nyheitene.
  • Enklare oppretting av skeive bilde
  • Avansert reparasjonsverktøy (healing brush)
  • Radial filter
  • Smart Preview
  • Video slide show
  • Forbetra bokmodul
Veldig kort fortalt om desse forbetringane ...meir

Lightroom 5 Beta ute

15.04.13

Adobe slepte i dag, 15. 04. 2013 første betaversjon av Lightroom 5 til fri nedlasting for alle som vil teste ut den nye versjonen. Dette er ei større oppgradering enn dei vi har sett av ulike 4-versjonar. Lightroom 5 inneheld ei rekkje nye og forbetra funksjonar. Les meir om detaljane. ...meir

LIghtroom 4.4 endelig versjon ute 3.4.13

03.04.13

Fleire har allereie meldt dette, men likevel. Endelig versjon av Lightroom 4.4 er no klar for nedlasting. Du som har Lightroom 4 frå før, kan hente den nye versjonen via Check for Updates under menyen Help i Lightroom. Her er nokre detaljar om oppgraderinga, som er gratis for brukarar av Lightroom 4. ...meir

Nytt opplag i hus

22.03.13

Etter ein intens periode med redigering og retting av feil, kommunikasjon med trykkeriet, osv, kom ny utgåve i hus i dag, fredag 22.3.

Førsteinntrykket er at forventningane ser ut til å vere innfridd. Alle bilda har gått gjennom ein finpuss, og tek seg no betre ut i boka. Skjermbilda er også lettare å lese, så boka har blitt meir brukarvennleg. Faktiske feil har også blitt retta.

Første opplag utselt

15.03.13

Alle eksemplara av boka Adobe Photoshop Lightroom 4 - Enkelt forklart vart utselt 14. mars. Utgåve 2, 1. opplag er lova ferdig frå trykkeriet før påske. 4,5 månader tok det å selje heile opplaget. Les meir om den nye utgåva. ...meir

LR 4.4 release Candidate klar for nedlasting

26.02.13

Adobe har i dag lagt ut Release Candidate av versjon 4.4 for nedlasting og testing. Den nye versjonen inneheld feilretting og støtte for nye kamera og objektiv. Les meir om detaljane og laste ned for å delta i vidare testing. ...meir

Få 30 % rabatt på Lightroom

25.02.13

Adobe har kampanje på Lightroom, og gir 30 % avslag på prisen. Tilbudet går ut 28.02.2013.
Dersom du vil kjøpe til denne prisen, som vil ligge omkring 761 kroner for nedlasting, besøkjer du nettsida til Adobe.
Bildet er henta frå www.adobe.com.

12-timars vel gjennomført

25.02.13

Du fotograferer masse. Plutselig er bildesamlinga på 50.000 bilde, og du hugsar ikkje lenger når eller kvar du tok det spesielle bildet du skulle hatt til akkurat denne situasjonen. Det er då du innser at du må gjere noko med organiseringa av bilda. Du treng eit system. Dette var det som samla sju personar frå Skodje, Ålesund og Molde til kurs i bruk av Lightroom 22.-24.02.2013. ...meir

Kurs i Nordfjord

11.02.13

2. helga i mars går turen til Nordfjord for å holde kurs i Lightroom. Kurset blir arrangert av ein lokal fotoklubb, og er fullteikna. Det blir fint å komme til mitt barndoms rike for å snakke foto ei heil helg.

Second copy er ingen sikkerheitskopi

19.01.13

I bøkene mine om Lightroom 3 og 4 og på kursa om Lightroom har eg framheva at det er enkelt å opprette ein sikkerheitskopi av bildefilene ved å hake av for «Make a Second Copy To..» i samband med import. Dette kan eg ikkje lenger seie, fordi funksjonen ikkje fungerer slik eg har sagt og skrive. Les meir om kvifor.

Eg beklagar dei ulemper feilinformasjonen kan ha skapt for den enkelte. ...meir