Aktuelt

Lightroom CC2015.5/6.5 og Camera RAW sendt ut

Article text
Adobe har denne gongen fokusert på støtte for nye kamera og objektiv, og ”eit tonn” med feil har blitt retta, som dei sjølve uttrykkjer det.

I lag med Lightroom blir også Camera RAW i versjon 9.5 distribuert. Den inneheld noko av dei same feilrettingar, men også nokre spesielt for Camera RAW og DNG-converter. Kamerastøtte og objektivprofil er som for Lightroom.

Feilretting i Lightroom CC 2015.5/6.5
• Panoramafunksjonen
• Fjern irriterande sensorflekker i eitt av bilda, bruk panoramafunksjonen, så fiksar Lightroom dei andre.
• Kanttilpassing har blitt betre, etter at fleire feil har blitt retta.
• Autovalg av prjeksjon har blitt fjerna, fordi programmet alltid valde den same.

• Nokre av dei andre feila som er retta
• Endre filnamn på filpar av raw+jpeg feila, dersom dei var kopierte til ei anna mappe
• Utløysarknappen i Thetered Capture kunne ikkje bli flytta til toppen av skjermen
• Videominne vart ikkje riktig avgrensa etter grense sett i Preferences
• Photomerge fungerte ikkje med virtuelle kopiar
• Retta ei lang rekkje synkroniseringsfeil i iOS og Androidprogramma
• Skrolling gjennom bilda i Loupe View med mus er tilbake
• Lysbildeframvising er også tilbake i høg oppløysing
• Rullefelt i bokmodulen er også gjeninnført, så det er raskare å bla gjennom ei bok
• Korrigert til riktig vising av EXIF; fargerom på eksporterte TIFF-filer

• Fullstendig liste fins i bloggen til Adobe.

Nye kamera som er støtta frå og med CC 2015.5 / 6.5
• Canon EOS-1D X Mark II
• Canon EOS 80D
• Canon EOS 1300D (Rebel T6, Kiss X80)
• Nikon D5
• Nikon D500
• Olympus PEN-F
• Olympus SH-3
• Panasonic DMC-CM10
• Panasonic DMC-GF8
• Panasonic DMC-ZS100 (DMC-ZS110, DMC-TZ100, DMC-TZ101, DMC-TZ110, DMC-TX1)
• Samsung NX3300
• Sony Alpha a6300 (ILCE-6300)
• Yuneec CGO4

Objektivstøtte
Ei lang rekkje nye objektivprofil har blitt lagt til, Android, Canon, Fujifilm, Nikon, Olumpus, Panasonic, Samsung og Sony.

Full oversikt over alle endringar i denne versjonen finn du på http://blogs.adobe.com/lightroomjournal/

Til slutt oppmodar Adobe til å melde tilbake om erfaringar med programmet. Det er gjennom rapportering av erfaringar og feil at programmet blir betre, så send inn. Adobe likar det.

Du kan oppdatere Lightroom ved å bruke Updates på menyen Help. Brukarar av CC blir då sendt til CC-appen på skriveborder, der knappen bak Lightroom sannsynligvis har blitt endra frå Åpne til Oppdater. I bloggen er der også muleg å laste ned direkte, via ling nedst i artikkelen. Der er også link for tilbakemelding.