Aktuelt

Ny versjon av Camera Raw og Lightroom 31.07.14

31.07.14

Brukarar av Photoshop CC, CS 6 og Lightroom 5 kan i dag laste ned oppdateringar. Oppdateringa inneheld Camera RAW versjon 8.6, som støttar nye kameramodellar. Oppdateringa av Lightroom inneheld også retting av rapporte feil. ...meir

Lightroom Mobile for iPhone er her

18.06.14

Adobe har 18.06.2014 lansert Lightroom Mobile for iPhone. I lag med dette er det også lansert enkelte forbetringar av Lightroom Mobile for iPad. Dei to programma er like. Eg har så vidt rukke og prøvd den. ...meir

Lightroom no også på iPad

18.04.14

Du kan no også få Lightroom for iPad - Lightroom Mobile. Dette er ein versjon av Lightroom spesielt tilpassa iOS på iPad, og den gjer det muleg å synkronisere bildesamlingar mellom stasjonær/berbar datamaskin og iPad. Produktet er tilgjengelg gjennom Creative Cloud. Du kan lese meir om korleis du kjem igang med Lightroom Mobile her...

Lightroom 5.3 endelig versjon lansert 11.12.2013

12.12.13

Lightroom 5.3 vart onsdag 11.12.2013 lansert, og er no tilgjengleig gjennom vanleg oppdateringsfunksjon i Lightroom. Målet med denne utgjevinga var å legge til støtte for nye kamera, objektivprofilar og retting av feil som har blitt raporterte etter liste oppdatering. ...meir

Ny release Candidate 5.3

09.11.13

Adobe Photoshop Lightroom 5.3 ute i release Candidate. Release Candidate betyr at produktet er ganske godt testa, men vil ha godt av testing blant publikum. Adobe ønskjer at mange lastar ned, installerer og prøver ut oppgraderinga. Den inneheld støtte for nye kamera, nye objektiv og ei rekkje feilrettingar som har blitt rapportert. ...meir

Oppdatering 5.2 lansert

19.09.13

Adobe slepte den 18.09..2013 endelig versjon 5.2 av Lightroom. Dersom du har LR 5, vil det dukke opp ein informasjonsboks neste gong du startar Lightroom. Der står det at oppdatering er tilgjengelig. Det er gratis å innstallere denne oppdateringa, dersom du eig versjon 5 frå før. ...meir

Release Candidate av 5.2 lansert

01.08.13

Adobe har i dag lansert Release Candidate 5.2 av Lightroom. Den inneheld støtte for fleire nye kamera, og naturlegvis feilretting. Dei som har eit av dei kamera som er lista opp nedanfor, kan ha ekstra interesse av å laste ned og ta i bruk v 5.2, men hugs at det førebels er prøveversjon. ...meir

Lightroom 5 er her

10.06.13

Adobe har lansert Lightroom 5, og her er nokre av dei viktigaste nyheitene.
  • Enklare oppretting av skeive bilde
  • Avansert reparasjonsverktøy (healing brush)
  • Radial filter
  • Smart Preview
  • Video slide show
  • Forbetra bokmodul
Veldig kort fortalt om desse forbetringane ...meir

Lightroom 5 Beta ute

15.04.13

Adobe slepte i dag, 15. 04. 2013 første betaversjon av Lightroom 5 til fri nedlasting for alle som vil teste ut den nye versjonen. Dette er ei større oppgradering enn dei vi har sett av ulike 4-versjonar. Lightroom 5 inneheld ei rekkje nye og forbetra funksjonar. Les meir om detaljane. ...meir

LIghtroom 4.4 endelig versjon ute 3.4.13

03.04.13

Fleire har allereie meldt dette, men likevel. Endelig versjon av Lightroom 4.4 er no klar for nedlasting. Du som har Lightroom 4 frå før, kan hente den nye versjonen via Check for Updates under menyen Help i Lightroom. Her er nokre detaljar om oppgraderinga, som er gratis for brukarar av Lightroom 4. ...meir