Aktuelt

Betaversjon av Lightroom 4

Article text
Skjermbilde frå Lightroom 4
Desse høgdepunkta kan nemnast:
* Forbetra Develop med blant anna betre kontroll med høglys og skuggar
* Like mange redigeringsmulegheiter i Filter og Adjustment brush som i Basic-panelet
* Muleg å stedfeste bilda ved hjelp av Google maps eller GPS
* Muleg å lage eigne fotobøker gjennom partnerskap med Blurb og elegante malar
* Betre organisering, endring og framvising av video
* Simulering av utskrift på fargeskrivar
* Sende epost direkte frå Lightroom

Du kan laste ned programmet for både Windows og Mac frå Adobe Labs. Lightroom 4 kan brukast ved sida av eldre versjon av Lightroom, men du kan ikkje importere eldre versjonar av catalogane dine inn i 4 beta no. Dette blir først mogleg i endelig versjon. Adobe har gjort dette for at du ikkje skal øydelegge 3.x-catalogane dine. Dersom du brukar betaversjonen på dei same bilda som versjon 3, må du ikkje skrive metadata til bildefila. Adobe har slått av den mulegheita, så la vere å slå den på.

Første møtet med den nye versjonen var positivt, og det var interessant å høyre og sjå Tom Hogarty presentere programvaren.